Tre osingar tekne ut til talentleirsamling

Talentfulle osingar: Blant landets største talent i fotball er tre osingar tekne ut. VIlde Drange Veglo, Madelen Koldal Holme er tekne ut på jenter 15-landslaget, medan Malin Ludvigsen er teke med i gruppa for jenter fødd første halvår i 2003.

Os idrettsråd
01.06.2017
Vilde Drange Veglo, Madelen Koldal Holme og Malin Ludvigsen er tekne ut til Statoils talentleir i juni.

​Det er første gong Norges Fotballforbund og Statoil arrangerer eiga talentsamling for jenter. Samlinga finn stad i Stavanger 21.-25. juni.

Landets største talent

Norges Fotballforbund har i lang tid hatt eit samarbeid med Statoil i samband med prosjektet «Morgendagens helter». Dei årlege talentleirane er viktige her.

Blant landets største talent i fotball er tre osingar tekne ut. VIlde Drange Veglo, Madelen Koldal Holme er tekne ut på jenter 15-landslaget, medan Malin Ludvigsen er teke med i gruppa for jenter fødd første halvår i 2003.

I invitasjonen til talentleiren seier fagansvarleg, Håkon Grøttland, det slik: «Nettopp du er tatt ut til samlingen fordi du anses som et av Norges største talenter i Norges største idrett. Vær stolt av deg selv, og vær stolt av klubben din. For målet er at du skal få motivasjon og veiledning som du kan ta med deg tilbake til hverdagen. Fordi det er hverdagen og det arbeidet som gjøres i klubb som teller mest!»

Kilde: Os & Fusaposten